Periodisk kontroll
av personbilar
No skal alle personbilar kontrollerast annakvart år.
Frå
og med 1. januar 1998 skal det foretas teknisk kontroll av alle
personbilar annakvart år. Kontrollen, som kallast periodisk
kontroll, skal foretas første gang i det fjerde kalenderåret
etter første gangs registrering av bilen. Hensikten er å gi ein
tryggare og meir miljøvennlig bilpark.
Bileigaren:
Det er ditt ansvar som bileigar å sørge for at bilen gjennomgår
den periodiske kontrollen og godkjennast innan utløpet av
kontrollfristen (kontrollfristen er angitt under). Om
kontrollfristen ikkje overholdast, vil kjøretøyet bli begjært
avskilta. For at du lettare skal huske fristen, vil du motta ein
påminning i posten når kontrollfristen for din bil begynner. Vår
anbefaling er at du bestiller tid for kontroll så snart du
mottar denne påminnelsen. Slik kan eventuelle reparasjonar
foretas før fristen går ut.
Kontrollfrist:
Periodisk kontroll av personbilar skal gjennomførast annakvart
år og foretas første gang i 1998 for bilar registrert i eit årstal
som endar på partal (1994, 1992, 1990 osv. til og med 1960).
Bilar som er registrert i eit årstal som endar på oddetal
(1995, 1993, 1991 osv. til og med 1961) skal kontrollerast første
gang i 1999.
Kontrollane fordelast over året ved at siste siffer i
kjennemerket avgjør når bilen skal være kontrollert og
godkjent (kontrollmånad). Bilen kan framstilles for kontroll
allereie 4 månader før kontrollmånaden, slik at
kontrollfristen utgjør 5 månader.
Kontrollstad:
Kontrollorgan
er ein fellesbetegnelse på alle som kan foreta den periodiske
kontrollen. Dette kan vere eigne kontrollstasjonar, godkjendte
bilverkstader, NAF teststasjon eller Statens vegvesens
trafikkstasjonar.
Som
eigar står du fritt til og velje kontrollstad, du må sjølv
bestille time til kontroll og betale for den. Det kan vere ulike
prisar på kontrollane, det er opp til kvart kontrollorgan og
fastsette den. Statens vegvesens trafikkstasjonar er det lik pris
over heile landet.
Kontrollorganet
har ansvar for at kontrollsetelen overføres til statens
vegvesen seinast dagen etter utført kontroll, og kunden får sin
kopi.
Formell
Godkjenning:
Statens vegvesen står for den
formelle godkjenninga av bilen, og det er uavhengig av kor den er
kontrolleret. Dersom kontrollsetelen ikkje er mottatt og godtatt
hos Statens vegvesen innan fristens utløp, blir kjøretøyet
begjært avskilta, etter ein nærmare angitt tilleggsfrist.
I
menyen ovanfor kan du bestille time til EU kontroll via nettet.
sjekk
når du skal på kontoll med bilen din
|